The Palereidars Roots og blues band er klare for den verkelege verda

Med gladsongen «Yamaha» er figuren Palereidar klar for den verkelege verda!

Hør låten på Spotify under:

 

Palereidar har 4 grunnreglar i komposisjon som han har lært i Amerika:

  1. Bruk aldri meir enn 3 akkordar.
  2. Songar skal handle om damer eller ting med motor (helst begge delar)
  3. Det skal være lett for alle å synge med.
  4. Bruk alltid hatt.

Denne oppskrifta kom ut i bokform i 2015 i juliutgåva av bokserien «Dei travle dagane».

* Fyrste sjanse til å høyre «The Palereidars Roots & blues band» live vert på Svanøy den 22. juli.

– Dei som har lest «Dei travle dagane» veit at Palereidar har eit lite problem med å hugse tekstar i stressa situasjonar. Difor slepp vi låtane no, så folk kan lære seg tekstane, og sufflere Palereidar på konserten…

Seier Lisa Myklebust, styreleiar i plateselskepet hans Palereidar.

 

Kommentarer: